Amelia Gómez Snerte er vokalist, komponist og forfatter. Ho har ein bachelor i utøvande jazz-vokal frå Konservatoriet i Trondheim, og ei videreutdanning innanfor Live Electronics frå Noregs Musikkhøgskule.
I musikken hennar står eigenskrive poesi i sentrum, med både filosofiske, abstrakte og nære forteljingar. Rytmane og melodiane hennar hentar elementar frå både jazz, norsk folkemusikk og cubansk songtradisjon.
Amelia arbeider både solo og i gruppe-konstellasjonar, og har opptrådt på fleire scener og festivaler rundt om i Noreg dei siste åra, mellom anna Oslo Jazzfestival, Jazzfest Trondheim, Oslo Live Electronics Concert, FørdeFestivalen, VossaJazz, SALT og Victoria Nasjonale Jazzscene.
Ho er for tida plate-aktuell med bandet sitt Vårknipa, som har planlagt release av debut-albumet sitt hausten 2026.
Amelia har også vore student ved Skrivekunstakademiet i Bergen og Samlaget sin Forfattarskule for Skrivande med Minoritetserfaring. Ho har hatt tekstane sine på trykk i fleire bøker og magasinar, mellom anna jubileums-antologien til Skrivekunstakademiet i Bergen «Eg høyrer vatn, men ser det ikkje» (2025)
Amelia vart ein del av TekstLab Unge Stemmer som 15-åring, og vart tildelt TekstLab Prøverom i 2021. Frå våren 2026 er ho ein del av TekstLab sitt talentutviklingsprogram: Inkubator.
Amelia har delteke og vist eiget arbeid i prosess ved ei rekke av TekstLab sine festivalar og arrangement, som Ung i kunst, Festival: Glokale Stemmer og Scratch-kvelder ved arenaer og scener som Sentralen, Gamle Munch, Nordic Black Theatre, i det digitale og offentlege rom.
Frå hausten 2025 har ho medverka som medskapande utøvar i TekstLab-produksjonen “Collective Rites” av Shanti Brahmachari.
Kunstneriske rettleiarar og mentorar 2026:
Oddrun Lilja Jonsdottir
FOTO:
Steinar Bleken

